torsdag 8. desember 2016

Historia om det tapte barnet, og eit brev som forsvann.

No har eg venta i tre dagar, men det har ikkje kome noko nytt brev. Kan hende det berre var ein slumptreff at han svara så raskt på det første brevet, men det set jo liksom litt stasndarden, så no sit eg her, passe skuffa og sur (og kald på føtene). Det er sikkert ikkje rettvist av meg- eg har venta endå lengre på svar på om eg får nye varmesolar på garantien, eller om eg må kjøpe meg nye; du skal sjå at det er posten som har skulda denne gongen...
Kor som er, eg veit ikkje om eg skal halde fast på at heile jula helst skulle vore avlyst, eller om den berre bør få ei litt anna- og ikkje minst- meir avslappa form. Eine dagen står eg steil på det fyrste, andre dagar vinglar eg meir. I dag har det vore ein vingledag. Eg fekk ein knøttliten marsipangris, fann ein kopp med nissemotiv i skåpet og byrja av alle ting å strikke eit par ullstrømper med mønster og fargar som ein heilt utan fantasi vil kunne sei er typisk julete. (Kalde føter vel ikkje føre til at ein strikkar raude og kvite julesokkar?)
Bakgrunnen for strikkeprosjektet var at eg trengte noko å henge fingrane i mens eg høyrde de siste par timane av "Historia om det tapte barnet", den siste boka i Elena Ferrante sin Napoli-kartett, boka som omhandlar moden alder og alderdom. Eg har storkosa meg med dei tre første bøkene, og var spent på korleis det kom til å ende med Lila, Elena, familie, vener og fiendar. Likevel, då boka- og lydboka endeleg kom ut, klarte eg ikkje å gyve laus på den med ein gong. Fallhøgda var så stor, forventningane så høge, sjansen for å skuffast nær astronomiske.
Gjennom fire bøker har vi følgt dei to venninnene og konkurrentane frå barndom, til unge år, via vaksenlivet og no altså moden alder og alderdom. Kvar av bøkene har til ein viss grad eit særpreg, men denne gongen synest eg det er eit meir markant skilje. Kvardagen og livet er ikkje lenger like hektisk-dramatisk som tidlegare. No er det meir grubling, resignasjon og bitterheit. Kanskje ein kan sei at i dei tre første bøkene var mykje av dramatikken noko dei vart dratt inn i, mens det no er meir dramatikk som spring ut frå deira eige indre liv?
Slutten skuffa meg nok litt. Eg hadde venta meg noko spektakulært, ei avsløring eller ein vri som kanskje ville sette alt på hovudet, men det skjedde ikkje. For å vere sikker på at et ikkje var noko som hadde gått meg hus forbi, tok eg fram at den første boka, "Mi briljante venninne", og las prologen der på nytt. Det er ingen tvil, historia heng godt i hop frå ende til annan, og vi som lesarar får nøyaktig det forfattaran lova der:
I minst tre tiår har ho snakka om dette med å forsvinne utan å etterlate seg spor, berre eg veit kva det betyr. Ho har aldri hatt tankar om å flykte eller byte identitet, aldri drøymt om å skape seg eit liv ein annan stad. Og ho har aldri tenkt på sjølvmord. 
(...)
Lila har det som vanleg med å overdrive, tenkte eg. Grenselaus, også når det gjeld å forsvinne utan eit spor. Ikkje berre ville ho forsvinne, nå i ein alder av sekstiseks år, ho ville viske ut alt livet som låg bak henne.
Eg var svært sint.
La oss sjå kven som vinn denne gongen, sa eg til meg sjølv. Eg slo på datamaskinen og begynte å skrive- alle detaljane i historia vår, alt som var igjen i minnet.
Alle detaljar, alle val, alle konsekvensar som var at i minnet... Det er lett å skjønne at serien har vorte ein så stor suksess. Det er dramatikk, temperament og konflikter. Psykologi, sosiologi og historie- alt pakka inn i pur realisme og eit rikt variert språk, fritt for sentimentalitet og klisjéar.
Nå kan ein fort tru at det er med ei kjensle av tap, eg har avslutta Napilo-kvartetten, men høyr! Høyr!! Til våren kjem det ut ei ny Ferrante-bok på Samlaget! Eller, den er ikkje ny, den vart skriven før bøkene om Lila og Lenu, men for oss er den jo ny- og som vi gler oss! Sjå berre kva informasjonssjefen i Samlaget, Karin Helgø sa i eit intevju med  BOK365 i sommar:
Hvilken er den beste boka du har lest i år? 

 – Det er nok Ferrantes The Days of Abondonment. Ein roman Ferrante skreiv før Napoli-kvartetten og som Samlaget gir ut til våren med tittelen Svikne dagar. Det handlar om ei kvinne, Olga, med to barn som vert forlaten av ektemannen for ei yngre kvinne. Ferrante skildrar så Olgas veg ned; nådelaust, rått og tett på. Ein kjenner igjen den nærmast fysiske leseopplevinga frå Napoli-kvartetten, berre at her er grepet endå tettare og meir komprimert. Ferrante viker ikkje unna ubehaget, men graver og borar, og held lesaren i grepet. Imponerande, regelrett.
 -Og som om ikkje det var nok; rett over nyttår, blir det lesning frå boka på Det norske teatret i Oslo.  

Konklusjon: Den som ventar på noko godt, kan lettare halde ut med ei slitsam jul ;o) 
**************************************

573 sider/17:20 timar
Omset av Kristin Sørsdal
Lest av Silje Breivik 
Takk til forlaga for lysfil og leseeksemplar!

2 kommentarer:

  1. Så flott at du fikk lysfil av boka!
    Ja, er det ikke litt trist at bokserien er over, men fantastisk!
    Så flott at det kommer ny bok, den kommer jeg sikkert til å hive meg over.

    Ha en flott, fantefull og lysfylt tid fremmover.

    SvarSlett
    Svar
    1. Jeg likte Napoli-serien innmari godt, men likevel var det greit at den var slutt nå. Historien om Lila var fortalt til endes, og det var det Elena (romanfiguren) satte seg fore da hun i sinne begynte å skrive. Gleder meg til flere bøker gis ut, også hadde det vært fryktelig morsomt omjeg hadde kommet meg til Oslo og Det Norske Teatret for å sett forestinninga der i januar!
      Slå fra deg i desember, Ingun- snart ferie med blanke ark som kan fylles med farge og opplevelser!

      Slett

Hva synes du? Enig? Vet ikke helt? Legg gjerne igjen en kommentar ☺